MYKJE REGN: Frå fredag kveld til laurdag morgon vil det lokalt koma mykje nedbør. (Skjermdump: Meteorologisk institutt @meteorologene på Twitter)

Ventar mykje regn og vind - men andre vestlendingar får det verre

- Fredag blir ein ruskete dag.

Publisert 09.08.2018 kl. 15.03. Oppdatert kl. 11.06.

Det seier Gunnar Livik, vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.


Særleg fredag ettermiddag og kveld vil det kunne bli skikkeleg haustleg, men det er ikkje venta å bli så dårleg vêr at at det er grunn for obsvarsel for midtre og indre Sogn.


- Det er venta ein del regn, men det er ikkje i indre Sogn det er venta mest. Rogaland, delar av Hordaland og Møre og Romsdal får mest, opplyser Livik og legg til at me kan få 40-50 millimeter nedbør i løpet av eit døgn.


- Det blir også vind frå vestleg eller nordvestleg retning i ein periode sein ettermiddag/tidleg kveld fredag. Då vil det bli ein del vindkast, seier han.


Det er då meldt sterk kuling i fjellet og utsette stader.


- Det vil vera i same perioden at det kjem mest nedbør.


Livik fortel at det vil vera regn og grått og kjølig vêr også natt til fredag og første del av fredagen, men at det vil bli mest intenst siste del av ettermiddagen/første delen av kvelden.


- Regnet held fram også utover laudagen til ut på ettermiddagen. I indre strok blir det kanskje ikkje så mykje regn søndagen. Det vil då bli for det meste skya før det til kvelden blir lettare skydekke og greit vêr.


 


Les meir om: Nyhende Natur og miljø

Siste saker Gå til framsida