PASS PÅ: Ekstremvêret Vidar er på veg. Det vil medføra høg flo både på kysten og inne i fjordane. (Foto Eli Grotle)

Ventar ekstremflo

- Viss nokon har båtar ståande i vinteropplag på kaier, bør folk sikra at desse ikkje flyt avgarde om floa kjem for høgt. Det seier statsmeteorolog Ivar Hjellestad ved Vervarslinga på Vestlandet.

Publisert 11.01.2017 kl. 15.25.

Ekstremveret "Vidar" er venta å vera på sitt verste mellom klokka ni og halv tolv torsdag føremiddag. Det er ikkje meldt mykje vind innover Sognefjorden, men floa kan koma opp i 85 cm høgare enn det som står i tidevasstabellen. Dette skjer berre omlag kvart 20. år.


Sikra lause gjenstandar

- Viss du har for vane å parkera på ein kai ved fjorden, er det kanskje lurt å finna ein anna stad å ha bilen natt til torsdag. Hjellestad seier folk som parkerer for nær sjøen, kan få seg ei overrasking når dei skal køyra neste morgon.


- Det beste er å parkera ein annan stad, samt sikra andre lause gjenstandar folk måtte ha nær sjøkanten, seier meteorologen.


Han seier det er meldt vanleg vintervêr, men at det er den høge vasstanden som kjem til å skapa problem.


Ekstremvarselet som er sendt ut frå vervarslinga gjeld for Vestlandet sør for Stad. Det er eit lågtrykk som onsdag ligg aust for Island som er venta søraustover. Det treff Vestlandet torsdag morgon. Det er venta vestleg stiv kuling natt til torsdag, men ikkje ekstreme vindforhold i Sogn og Fjordane.


Fryktar ikkje store skader

Langs kysten har vasstanden alt byrja å stiga. Og meterologane varslar altså at den vil vera på sitt høgste torsdag formiddag. Beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen har sendt ut varsel til kommunane. Men fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand seier det er vanskeleg å bu seg mot stor flo.


- Kaier og naust ligg der dei ligg og er lite å gjera med. Men alle lause gjenstandar bør sikrast eller fjernast.


Han seier at sist det var stormflo så var det store materielle skadar på kaier og hus ved sjøen, men den gongen var det mykje vind. Det er det ikkje meldt no, så denne floa veks saktare, og folk kan lettare følgja med kva som skjer.


- Me fryktar ikkje store skadar denne gongen, seier Stensvand.


Les meir om: Nyhende