TA EIN SJEKK: Alle lys på bilen må vera i orden, og Statens vegvesen oppmodar til å ta ein sjekk no som mørketida er komen.

Vegvesenet avdekkjer mange feil: - Sjekk at lysa på bilen verkar

Defekte lys kan skapa farlege situasjonar.

Publisert 14.11.2017 kl. 19.23. Oppdatert kl. 20.31.

- Folk bør ta ein runde og sjekka lysa på bilen, og spesielt på tilhengarar, seier Jan Ove Bjørgum i Statens vegvesen.


No som mørketida har kome, er det viktig for trafikktryggleiken at alle lys på køyretøy er i ordentleg stand.


I ein kontroll i sogndalsområdet tysdag avslørte Vegvesenet mange feil. Ein førar fekk gebyr for manglande bilbelte og ein for å ikkje å ha med førarkort. Det vart totalt registrert 15 tekniske manglar på lys.


- I tillegg til dette vart ein førar av ein personbil meld for å mangla alle lys bakover på køyretøyet ved køyring i mørke og i tett snødrev, seier Bjørgum.


Får bruksforbod

Også då dei gjennomførte ein kontroll ein kveld sist veke, såg dei køyretøy med store manglar. Særleg er det mange tilhengarar som ikkje har ordentlege lys, og Bjørgum trur det er nærare halvparten av dei kontrollerte som ikkje er i forskriftsmessig stand.

Ein tilhengar utan lys kan fort skapa farlege situasjonar, det same kan «einøygde bandittar». Spesielt dersom ein bil manglar lys på venstre side, då kan motgåande trafikk lett tru at det er ein motorsykkel som kjem i mot og legg seg for langt inn i vegbana.

Bjørgum understrekar at dei ser alvorleg på slike feil.

Om ein vert stoppa i kontroll der både nærlys og parklys er defekt på same side av køyretøyet under køyring i mørket, vert førar meld og køyretøyet får bruksforbod for dette. Det same gjeld om alt lys bak på bil eller tilhengar manglar i køyring i mørke.  


Les meir om: Nyhende Sogndal Trafikk

Siste saker Gå til framsida