SKLEI AV VEGEN: Ein lastebil sklei onsdag føremiddag av vegen og sperra vegen til flyplassen på Haukåsen. Foto: Odd Arne Tveito)

Vegen til flyplassen er open att

Vegen var stengt i fleire timar, men opna att like før klokka 14.00.

Publisert 27.12.2017 kl. 11.19. Oppdatert kl. 14.32.

Ein lastebil har sklidd av vegen på fylkesvegen mellom Kaupanger sentrum og Sogndal lufthamn. Ved vegtrafikksentralen får Sogn Avis opplyst at uhellet som skjedde like over klokka 10.30 onsdag føremiddag, skal ha skjedd rett over byggjefeltet.


- Ein ventar no på bilbergar og satsar på å få rydda før neste flyavgang, opplyser vegtrafikksentralen.


Siste: Rett over klokka 12.30 var meldinga frå vegtrafikkentralen at vegen framleis ville vera stengt i inntil ein time.

KRONGLETE: Dei som skulle rekke fly måtte ta beina fatt forbi ulukkesstaden. (Foto Odd-Arne Tveito)

Les meir om: Nyhende Trafikk

Siste saker Gå til framsida