Nokre steinar har gått gjennom autovernet og vidare ned i vatnet. Det ligg i tillegg steinar igjen i vegbana. (Foto: Morten Sortland)

Vegen opna att etter ras

Riksveg 53 er opna att etter at det gjekk eit ras ved Steggjetunnelen.

Publisert 20.04.2017 kl. 12.34. Oppdatert kl. 13.39.

Politiet fekk klokka 12.14 melding om at det har gått eit steinras på fylkesveg 53 i Årdal.


Meldinga vart ringd inn av folk på staden som opplyser at raset har gått på Tangen-sida av Steiggjetunnelen.


Vegvesenet har vore på staden og vurdert faren for nye ras. Staden er klarert, og vegen er opna att, melder pollitiet klokka 13.18.


Politiet var framme på staden like etter klokka 12.30 og kunne då melda at ingen personar var skadde i raset.


Nokre av steinane som har rasa ned, har gått gjennom autovernet og vidare ned i vatnet. Det ligg også steinar att i vegbana, opplyser politiet.


Brannvesenet og politi har vore på staden.

Det har gått eit ras på rv. 53. (Foto: Morten Sortland)

Siste saker Gå til framsida