JORDSKRED: Eit av rasa som kom på fylkesveg 332 i Fortunsdalen natt til måndag. (Foto: privat)

Vegen mellom Urnes og Skjolden blir ikkje opna i dag

- Kan bli stengt tysdag også, opplyser Roger Nedberge Hille på Vegtrafikksentralen.

Publisert 02.10.2017 kl. 09.59. Oppdatert kl. 10.35.

Uvêret i morgontimane måndag førte til flere stengde vegar i Luster. Like etter klokka 09.30 måndag føremiddag var både fylkesveg 331 Urnes-Skjolden og fylkesveg 332 Fortun-Bjørk stengde grunna jord- og steinskred. 


Ved vegtrafikksentralen i Lærdal får Sogn Avis opplyst at det var store steinar i skredet på vegen mellom Skjolden og Urnes, medan det var jord og mindre steinar i skredet som har gått i Fortunsdalen.


Måndag ettermiddag opplyser vegtrafikksentralen at fylkesveg 332 Fortun- Bjørk er open for trafikk, men at fylkesvegen mellom Urnes og Skjolden framleis er stengt.


- Vegen vert ikkje opna i dag, kanskje ikkje i morgon heller. Det kjem heilt an på vêret, seier Roger Nedberge Hille.


 


Geolog

 


Tidlegare måndag morgon  var også fylkesveg 337 Hafslo-Veitastrond stengd grunna ras. Men der var vegen rydda og opna att like før klokka 09 måndag.


Tak i vegbana

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er måndag føremiddag stengd for køyrertøy breiare enn to meter. 


Årsaka til dette er at taket på ei hytte ovanfor Turtagrø hotell vart teke av stormkasta natt til måndag, og taket vart liggjande slik at et sperra deler av vegbana.


Vegvesenet er i gang med oppryddingsarbeid på staden.


Siste saker Gå til framsida