GÅVE: Sjukehusklovnane er profesjonelle skodespelarar tente for arbeid med ungar på sjukehus. Sjukehusklovnane på Haukeland sjukehus har no fått pengegåve frå Vegards krefttråkk, her representert ved Vegard Skjeldestad og Weronica Øvstetun (midten) (Pressefoto)

Vegards krefttråkk med gåve til sjukehusklovnane

Onsdag denne veka var Vegards Krefttråkk på Haukeland sjukehus og gav 40.000 kroner til Sjukehusklovnane.

Publisert 09.08.2018 kl. 10.20. Oppdatert kl. 10.24.

Pengane er øyremerkte til aktiviteten på Haukeland.


- Dette er delar av pengane me fekk inn då me sykla Jotunheimen Rundt tidlegare i sommar. Resten av innsamla midlar skal gå til aktivitetshelg for kreftsjuke born på nyåret, seier Vegard Skjeldestad i ei pressemelding.


Ideell organisasjon

- Me fekk inn totalt 40.000 kroner etter syklinga i år, men rekordsummen frå i fjor, gjer at me er i stand til å invitera til eit lite friminutt for dei ungane og familiane som er råka av kreft også neste år, seier Skjeldestad.


Sjukehusklovnane er ein ideell organisasjon, der alle alle aktørane er profesjonelle skodespelarar som er trente for arbeid med ungar på sjukehus. I 2017 hadde dei over 18.500 møter med innlagde born. Organisasjonen vert halden i live med innsamla midlar og gåver. Organisasjonen vart starta på Haukeland i 2000. Det finst sjukehusklovnorganisasjonar i meir enn 50 land rundt om i verden.


Til ettertanke

- Spesielt på sommaren er det begrensa med aktivitet for dei sjuke ungane her på Haukeland. Besøka frå klovnane gjev gode fristunder. Det er tøffe tider for borna og oss pårørande når sjukdomen råkar. Difor er det godt å få leikne klovnar inn på avdelingane, seier Mette Døssland.


Mette er mamma til kreftsjuke Mariell på 5 år.


- Dette har vore ein dag til ettertanke. Me har fått sjå kva ei slik gåve gjer for born og unge som er råka av sjukdom. Me er heldige som får bidra til at dei får nokre gode stunder smiler Weronica Øvstetun frå Krefttråkket.


Les meir om: Nyhende Helse Sogndal Ung

Siste saker Gå til framsida