Veg opna att etter skred

Fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond er opna att etter å ha vore stengt grunna steinskred.

Publisert 01.09.2018 kl. 11.20. Oppdatert kl. 15.20.

- Det er kome stein ned i vegen mellom Veitastrond og Merkeskredatunnelen, sa trafikkoperatør Tina Fjeldavli ved Vegtrafikksentralen. 


Steinane var av ulik storleik, men ei blokk var så stor at ho truleg måtte delast før ho kunne fjernast. 


Geolog var venta til staden og vegen opna att like før klokka 15. 


Skredet vart meldt av entreprenør like etter klokka 8 laurdag. 


 


Siste saker Gå til framsida