VASK TIL FORSKING: Bensinstasjonar over heile landet har bidrege til Rosa Sløyfe-aksjonen. (Pressefoto)

Vaska inn over 100.000 til kreftsaka

I heile oktober selde Circle K-stasjonane bilvask, kaffi og andre varer til inntekt for Rosa Sløyfe-aksjonen. Det gav 103.036 kroner til kreftsaka.

Publisert 10.11.2017 kl. 14.00.

- Eg er kjempestolt. Kundane våre har vist ein fantastisk gjevar­vilje og våre forhandlarar og stasjonsmedarbeidarar har stått på for å samla inn mest mogleg pengar til aksjonen til Kreftforeninga, seier Christoffer Sundby, noregssjef i Circle K i ei pressemelding.


Florø på topp

Her går det fram at kjeda har samla inn meir enn 18 millionar kroner til Rosa Sløyfe-aksjonen over ein seksårs­periode.


Circle K Florø fekk samla inn 44.140 kroner i år og ligg desidert på topp av stasjonane i fylket. På andre plass følgde stasjonen i Sogndal med 26.241 kroner.


- Me som er forhandlarar i fylket snakkar saman jamleg og det er klart det er stor stas for oss å koma framfor særleg Sogndal og Førde. Samtidig kjenner me alle at dette er kanskje den viktigaste kampanjen me har i løpet av året, seier Ruben Solheim i Circle K Florø. Stasjonen hamna på 11. plass nasjonalt.


Stort engasjement

Kjeda har totalt samla inn 4,2 millionar kroner, og pengane går til forsking på seinskadar etter brystkreftbehandling.


Kundane har støtta aksjonen­ ved å kjøpa bilvask, kaffi i rosa kopp, vegan­muffins, refleks og rosa spylevæske.


- Engasjementet har vore rekordhøgt i år. Kampen mot brystkreft er noko som engasjerer oss veldig. Dei fleste kjenner nokon som har hatt brystkreft og me opplever at både stasjonsdrivarane, dei tilsette og kundane ynskjer Rosa Sløyfe-aksjonen velkomen­ kvart år, seier Sundby.


Lillehammer best

Circle K Strandtorget på Lille­hammer samla inn høgste enkelt­beløpet i kampanjeperioden, nesten 100.000 kroner. På plassane bak kom stasjonane Lura, Elverum, Dombås og Åmot, som alle samla inn over 50.000 kvar, opplyser kjeda.


Gjekk du glipp av denne: Rosa dag i kjøpesenter


Les meir om: Nyhende Helse Sogndal

Siste saker Gå til framsida