Vart den nest våtaste august-månaden

Publisert 06.09.2018 kl. 10.07.

Månadsnedbøren for heile landet var i august 160 prosent av normalen. Når normalen er 100 prosent, vil det seia drygt halvannan gong normalen. Månaden blei den nest våtaste august-månaden i ein serie som går tilbake til 1900, berre slått av 1951 med 165 prosent, opplyser Meteorologisk institutt.


Mange stasjonar nord på Austlandet, på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg fekk frå 200 til 300 prosent av normalen. Enkelte stasjoner i Østfold, Akershus, Vestfold og Aust-Agder fikk snaut 50 prosent av den normale nedbøren. I Brekke i Sogn og Fjordane kom det 434,9 mm nedbør, det er 161 prosent av normalen.


Månadstemperaturen for heile landet blei 0,6 grader over normalen. Relativt varmast var det i Finnmark der flere stasjonar låg 1,5-2 grader over normalen. Eit par stasjonar på Vestlandet låg omkring 0,5 grader under normalen, går det fram av rapporten frå  Meteorologisk institutt.


Siste saker Gå til framsida