ENDÅ VERRE: På Vikafjellet torsdag ettermiddag måtte kolonnen snu attende til Vik. Dette biletet er frå fjellet søndag, på torsdag var det null sikt.

Var så heftig på fjellet at kolonnen måtte snu

- Det er sjelden at me må snu ein kolonne og køyra attende, seier brøytesjåfør Nils Georg Settevik.

Publisert 07.12.2017 kl. 18.48. Oppdatert kl. 19.16.

Han har drive med brøyting på Vikafjellet sidan 80-talet, og har mykje dårleg vêr å samanlikna med på det lumske fjellet.


Torsdag ettermiddag vart det innført kolonnekøyring på rv. 13 Vikafjellet, men det skulle ikkje gå lange stunda før fjellet vart heilt stengd.


- Me hadde med oss fire bilar i kolonnen frå Storehaugtunnelen, men på Fosse om lag fire kilometer inne på fjellet, var vêret så dårleg at me fann det ikkje forsvarleg å køyra lenger, seier Settevik.


Han meinar det bles om lag 16 m/s i sekundet og det var absolutt null sikt.


- Det var nok det rette å gjera og det var ingen sure miner frå dei som ikkje kom seg over fjellet, seier brøytesjåføren.


 


Andre fjellovergangar

Torsdag kveld er det innført kolonnekøyring på Hol-Aurland og på Hardangervidda.


Slik er forholda på dei andre fjellovergangane i Sogn:


Ev 16 Filefjell


Snø- og isdekke fare for glatte partier. Klokken 18:30 var det 2 grader, liten kuling og regn.


Rv 52 Hemsedalsfjellet


Vekslende bart og isdekke. Klokken 14:15 var det 3 grader, liten kuling og sluddbyger.


Fv 53 Tyin - Årdal 


Vekslende bart i spor, snø- og isdekke. Klokken 14:15 var det 5 grader, frisk bris og oppholdsvær.


 


 Hald deg oppdatert på vegvesen.no


Les meir om: Siste Nytt Nyhende

Siste saker Gå til framsida