- LITE SYNLEG: Under ei leiarsamling til Universitetet i Bergen (UiB) i fjor sommar gav assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid uttrykk for at universitetet er lite synleg i Sogn og Fjordane. (Arkivfoto)

Var kritisk - får besøk

Assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid var ikkje nøgd med rolla til Universitetet i Bergen. No får han besøk frå universitetsleiinga.

Publisert 24.01.2018 kl. 15.29.

Under ei leiarsamling til Universitetet i Bergen (UiB) i fjor sommar gav Hæreid uttrykk for at universitetet er lite synleg i fylket.


- Irrelevant

- UiB er nesten irrelevant for folk som bur i Sogn og Fjordane, sa Hæreid ifølgje På Høyden, nettavisa for UiB.


Han ynskte eit meir synleg UiB og peika på at Høgskulen på Vestlandet var flinkare til å løfta fram viktige problemstillingar for fylket.


Får besøk

Torsdag blir det dialog mellom partane, då kjem nemleg fakultetsdirektør Øystein L. Iversen og dekan Karl Harald Søvik på besøk til Fylkesmannen, melder Universitetet i Bergen.


«UiB er kanskje irrelevant for folk i Sogn og Fjordane. Men Sogn og Fjordane vert på ingen måte rekna som irrelevant for UiB. Ved det juridiske fakultet ønskjer leiinga no å oppretthalda tettare kontakt med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, for å finna ut korleis dei kan leggja til rette for samarbeid», heiter det frå universitetet.


Føremålet er å oppretta kontakt og dialog med Fylkesmannen og i fellesskap sjå kvar ein kan samarbeida om forskingsprosjekt og kompetanseutvikling.


Les meir om: Nyhende Utdanning

Siste saker Gå til framsida