Sjå video: Blanda kjensler etter brakval

Liv Signe Navarsete snakkar om brakvalet til Sp, om protestvalet i Sogn, om exit Sogn og Fjordane og om det nye Stortinget.

Publisert 12.09.2017 kl. 11.07. Oppdatert kl. 14.42.

49 prosent i Vik

Liv Signe Navarsete har stor tillit i Sogn, men det er likevel blanda kjensler i Sp.


- Eit heilt fantastisk resultat i Sogn og Fjordane. Det overgår det me hadde håpa på, seier Liv Signe Navarsete, som kan konstatere følgjande resultat i Sogn: Vik: Sp: 49,1 (+11,9), Leikanger: Sp: 37 (+ 11,2), Balestrand: Sp: 35 (+ 12,8), Sogndal: Sp: 32,5 (+ 10,9), Luster: Sp: 40 (+ 11,7), Årdal: Sp: 16,5 (+7,3), Lærdal: Sp: 37,4 (+ 7,1) og Aurland: 30,1 (+ 12,1).


Sjå dei lokale resultata for alle partia her


Ikkje skifte

Liv Signe Navarsete fortel at det er blanda kjensler etter brakvalet for Sp.


- Me er kjempeglade, men samstundes litt leie oss sidan det ikkje vert regjeringsskifte, seier ho.


Sjå videointervju med Liv Signe Navarsete øvst i denne artikkelen



Les meir om: Nyhende Video Politikk Val2017

Siste saker Gå til framsida