FIRE REPRESENTANTAR: Det skal veljast fire stortingsrepresentantar frå valkrinsen Sogn og Fjordane fylke for valperioden 2017-2021. Sogn Avis følgjer valet. (Foto: Mariann Skau)

Følg valet her

Sogn Avis vil ha brei dekninga av valet på sognavis.no utover dagen og natta.

Publisert 11.09.2017 kl. 15.37. Oppdatert kl. 19.36.

Me er på plass under valvakene i Førde, Årdal og Luster. 


Kven kjem inn?

Det skal veljast fire stortingsrepresentantar frå valkrinsen Sogn og Fjordane fylke for valperioden 2017-2021. Det er tre såkalla distriksmandat og eitt utjamningsmandat.


Alt tyder på at Liv Signe Navarsete (Sp) og Ingrid Heggø (Ap) tek to av plassane. Tredjemandatet kan enda hjå Frida Melvær (H), Steinar Ness (Sp) eller Hilmar Høl (Ap).


Les òg: Rekordmange førehandsrøyster


Spenning

Kven som får utjamningsmandatet er heilt uvisst. Sveinung Rotevatn (V) snappa det sist, men her er det mange om beinet. Kanskje Sogn står att med tre kvinner på Stortinget etter valet?


Vibeke Johnsen(SV) er blant kandidatane som kan enda i Oslo dei neste fire åra.


Sogn Avis vil i tillegg til dekning i nettutgåva, også ha brei dekning i e-avisa tysdag.



Les meir om: Nyhende Val2017

Siste saker Gå til framsida