UVÊR: Kraftig vind og snøfall i fjellet kan føra til at fleire fjellovegangar får kolonnekøyring på kort varsel. VIkafjellet er stengt. (Arkivfoto)

Uvêret utfordrar fjellovergangane

Vikafjellet og Årdal-Tyin stengt. Kolonne på Hemsedalsfjellet.

Publisert 24.01.2018 kl. 16.43. Oppdatert kl. 17.32.

- Det er dårleg vêr, og det er meldt dårleg vêr. Slik oppsummerer Kjetil Molvær ved Vegreafikkstasjonen i Lærdal forholda på fjellovergangane til og frå Sogn.

Klokka 20.55 var situasjonen slik:

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet
Kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Fylkesveg 50 Hol - Aurland
Kolonnekøyring. Blir steng frå klokka 22.00 onsdag kveld.

Fylkesveg 53  Årdal -Tyin
Stengt på grunn av uvêr

E16 Filefjell
Vind og redusert sikt. 

Riksveg 13 Vikafjellet
Stengt på grunn av rasfare. Blir ikkje opna onsdag. Ny vurdering på føremiddagen torsdag.

Vegtrafikksentralen melder at fylkesveg  337 mellom Hafslo og Vitatrond er steng på grunn av ras og rasfare. Ny vurdering torsdag klokka 10.00.

Vegtrafikkesentralen melder også om at det har gått ras ved Vetlefjorden på fylkesveg 13 og at vegen er stengd. Ny vurdering om opning skjer torsdag.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Uvêr