OPEN: E16 over Filefjell stadfesta statusen som den sikraste fjellovergangen mellom aust og vest under uvêrsdøgnet som har vore. Her ved Smedalen. (Foto: Statens vegvesen)

Uvêret stengde fleire fjellovergangar

Like etter klokka 23.00 onsdag kveld måtte også brøytemannskap på fylkesveg 53 Årdal-Tyin gje tapt for naturkreftene.

Publisert 23.11.2017 kl. 06.03. Oppdatert kl. 09.03.

Saman med E16 over Filefjell, var Årdal-Tyin den einaste fjellovergangen mellom aust og vest som var open heile uvêrsdagen onsdag. Men klokka 23.05 måtte også den stengjast. I 14.30-tida torsdag opna Årdal-Tyin att.


I morgontimane torsdag er også riksveg 13 over Vikafjellet stengd. I 09-tida melder Vegvesenet at det har gått eit ras, og det blir ny vurdering av opning klokka 12. På grunn av snøras og fare for fleire ras, melder Vegvesenet i 12-tida torsdag at vegen ikkje blir opna i dag.


Fylkesveg 50 Hol-Aurland var stengd tidleg på dagen, men opna på føremiddagen.


På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det fri ferdsle, men det kan innførast kolonnekøyring på kort varsel.


 


Siste saker Gå til framsida