Uvanleg mange røyskattar i år - denne pilte over vegen like framfor bil

Sjå video

Publisert 31.08.2018 kl. 14.52. Oppdatert kl. 15.06.

- Det har vore uvanleg mykje røyskatt i år. Berre ved hovudvegane langs fjorden i Indre Sogn har eg vel sett eit titals røyskattar, og dei er elles ikkje vanlege å sjå i bebudde strøk så langt nede, fortel Tore Larsen på Miljøvernavdelinga til Fylkesmannen.


Lemenår i fjor

Han opplyser at grunnen til at det er så mange røyskattar i år, heilt sikker er fordi det var lemenår i Sogn i fjor, og rikeleg med lemen på heile strekninga mellom Fjærlandsfjorden og Vikafjellet til Sognefjellet.


- Røyskatten er spesielt tilpassa jakt på smågnagarar som lemen, og er liten og smal nok til å følgja dei inn i gangsystem og skjulestader. I fjor var det gode tider for røyskatt, og dei individa me har sett i år er nok resultatet av dei gode tidene med rikeleg formeiring. Lemenbestandane heldt det gåande gjennom vinteren, men kollapsa i vår, og no har røyskattane tydelegvis spreidd seg utover på jakt etter alternativ næring. Det er litt skogmus i Sogn i år, og det er kanskje desse som har lokka ein heil del røyskattar ned i lågareliggande strøk, seier Larsen.


Formeirer seg ikkje like fort

Medan ein snakkar om lemenår og museår, er røyskattår ikkje eit vanleg omgrep å bruka.


- Talet på røyskatt følgjer eigentleg berre talet på smågnagarane dei lever av. Men dei formeirer seg ikkje på langt nær like fort, og sjølv i smågnagarår/lemenår er det grenser for kor mange røyskattar det kan bli. Så dei mange røyskattane me har sett i år, seier litt om kor mykje lemen det har vore i fjellet.


Røyskatten er eit mårdyr, og det nest minste rovdyret vårt. Han har ein mindre slektning, snømusa, som ser ut som ein liten røyskatt, men kan kjennast frå denne på at han manglar den svarte haletuppen som røyskatten har. Ifølgje Larsen kan ein stor røyskatthann vega inntil 250 gram, medan hoa ofte berre veg rundt halvparten og dermed ikkje stort meir enn eit lemen.


Øvst i denne saka kan du sjå video av ein røyskatt som sprang langs og over vegen ved Fjærlandstunnelen torsdag føremiddag.


Siste saker Gå til framsida