Utvik klar for Sarpsborg 08

Har skrive under 3-års kontrakt.

Publisert 16.01.2018 kl. 17.19. Oppdatert kl. 17.30.

Sogndal-spelaren gjennomførte dei medisinske testane med Sarpsborg 08 tysdag, melder Sarpsborg Arbeiderblad.


 - Eg følte at tida var inne til å ta et nytt steg i karrieren. Då Sarpsborg 08 kom på bana fekk eg godfølelsen, og valet var enkelt, seier Utvik til Sarpsborg Arbeiderblad. 


- Lukke til

21-åringen har spelt 103 kampar for Sogndal.


- Verdiane og haldningane Bjørn Inge har er noko me håpar me fortsatt kan behalda i klubben sjølv om han no reiser til nye oppgåver. Me er glade for at han får denne sjansen i ein toppklubb som Sarpsborg 08,  og me ynskjer han masse lukke til vidare, seier sportsleg leiar Håvard Flo, på klubben si nettside.


Les meir om: Nyhende Sogndal Fotball