Utseld på få sekund

Billettane til Vinjerock vart rivne vekk.

Publisert 03.12.2017 kl. 19.18.

Dei siste åra har billettsalet til festivalen, på Eidsbugarden i Jotunheimen,  gått unna i høgt tempo. Trenden ser ut til å halda fram, for også denne gongen gjekk det radig - på berre få sekund.


- Me kan ikkje gjere anna enn å takke alle saman for tilliten, seier festivalsjef Julie Forchammer i ei pressemelding.


 


 


3.000 billettar

Festivalsjef Julie Forchhammer er heilt i ekstase, etter at Vinjerock nok ein gong har seld ut alle festivalbillettane på særs kort tid. Samstundes veit ho at mange satt klare og forgjeves førsøkte å få tak i billett.


- Me er så heldige at me har stor pågang denne dagen, noko som inneber at det garantert er fleire som diverre ikkje får tak i billett. Me sel 3000 billettar til publikum denne veka, inkludert førehandssal lokalt og for DNT-medlemmar. Det at me ikkje sel fleire ordinære billettar heng saman med området me nyttar. Vårt største ansvar er å lage ein berekraftig festival som ikkje øydelegg naturen oppe på Eidsbugarden, og difor må me avgrense billettalet, seier Forchhammer.


 


På plakaten

Artistar som Cezinando, BigBang, Fay Wildhagen og Wet Dreams, Silvana Imam, Ila Auto, Sløtface, Fieh, The Dogs og lokale The Rebels skal spele på Vinjerock 2018.


Til no er det også kjend at Silvana Imam, Ila Auto, Sløtface, Fieh, The Dogs og lokale The Rebels skal spele på Vinjerock 2018.


Les meir om: Nyhende Festival

Siste saker Gå til framsida