Utanlandsk sjåfør meld for grove regelbrot

Publisert 14.11.2017 kl. 19.48.

I ein kontroll på Håbakken tysdag vart ein førar av eit utanlandsk vogntog meld for grove brot på køyre- og kviletidsreglane. Vogntoget var også overlasta, fekk bruksforbod, og vart ilagt 9.650 kroner i overlastgebyr.


Eit anna vogntog som var overlasta fekk også bruksforbod, og vart ilagt 2.900 kroner i overlastgebyr.


Eit vogntog vart ilagt gebyr for manglande vognkort på semitrailer.


Eit anna vogntog hadde vore utfor vegen, og skada innfestingar på begge hovudlyktene. Det vart her lagt ned bruksforbod fram til lyktene var tilstrekkeleg festa.


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida