SPESIALISERT: - Ved lokalsjukehusa handlar det om meir generell pleiekunnskap, Sentralsjukehuset er spesialisert, seier overlege Rune Larsen. (Arkivfoto)

Uroa for at kompetansen ved sjukehuset kan forvitra

Overlege Rune Larsen meiner dei risikerer ei forvitring av kompetansen ved Sentralsjukehuset i Førde dersom sjukepleiarane skal jobba meir på tvers av avdelingane.

Publisert 14.09.2017 kl. 10.52.

- Me ser at det langt inn i styret for Helse Førde og Helse Vest blir tenkt tankar der ein trur at ein sjukepleiar er ein sjukepleiar, men det er ikkje slik. Det er faktisk ikkje det same om ein gynekologisk pasient blir pleia av ein sjukepleiar som til dagleg arbeider med kvinnesjukdomar, eller av ein pleiar som blir henta over frå nevrologisk sengepost og til dagleg pleiar pasientar som har hatt slag, seier overlege Rune Larsen til Firda.


- Farleg utvikling

Larsen karakteriserer det at sjukepleiarane skal jobba meir på tvers av avdelingane, som ei farleg utvikling. Tankane om ei slik ordning kjem til syne i spareutgreiingane frå Helse Førde, og Alfred Bjørlo (V) ordførar i Eid tok til orde for dette i samband med styremøtet i Helse Førde tysdag, melder NRK. Han synte til at dei i Førde må våga å ta liknande grep som har vorte gjort i Nordfjord.


Ordninga blir alt til ein viss grad praktisert ved sjukehuset i Førde, men jobbinga på tvers av avdelingane vart eit omstridd spørsmål i samband med prosjektet «Pasientens helseteneste» for vel eitt år sidan. Når dette no kjem opp att, uroar det overlege Rune Larsen.


- Ein slik bruk av sjukepleiarane gjer meg uroleg. Den røynsla og den fingerspisskjensla som sjukepleiarar opparbeider over tid innanfor sitt felt, er heilt avgjerande, seier Larsen til avisa.


- Meir spesialisert

Han meiner situasjonen er ein annan på sentralsjukehuset enn på lokalsjukehusa.


- Ved lokalsjukehusa handlar det om meir generell pleiekunnskap, Sentralsjukehuset er spesialisert. Det er ikkje uproblematisk, om til dømes folk ved poliklinikkar skal gå helgevakter på avdelingar med heilt andre spesialitetar. Me risikerer ei forvitring av kompetansen, og at Førde sentralsjukehus vil gå i retning av å bli eit lokalsjukehus.


Les meir om: Nyhende Helse Politikk

Siste saker Gå til framsida