Det er godt nok å gjera sitt beste

- Folk bryr ikkje seg om prestasjonane dine så mykje som du trur, skriv Nicolina Lunde og Anne Hope Skjerven i MOT-spalta. MOT-spalta som du kan høyra i videoen øvst i denne saka.

Publisert 05.04.2017 kl. 10.11.

Videoen er laga av elevbedrifta Focus UB ved Sogndal vidaregåande skule.

Spalta kan du Mot-spalta stod på trykk i papirutgåva av Sogn Avis 3. april:

Det er godt nok å gjera sitt beste

Prestasjonspress er noko alle opplever ein eller annan gang i livet.  No nærmar det seg eksamen og heildager på vidergåande. Som alle veit er dette ein periode som elevane gruar seg til, fordi ein veit at dagane blir påverka av altfor mykje forventingar og stress.

Dei fleste får jo høgare krav frå seg sjølv enn dei rundt seg. Kvifor er det slik?

I dagens samfunn er det eigentleg enkelt personar som set presset på seg sjølv. Presset er forventingane ein trur at andre har til deg. Det er ikkje sikkert dei rundt deg har forventingar i det heile teke. Dersom du ikkje har forventningar, blir du ikkje skuffa. Når ein har store forventninger til seg sjølv, blir ein då skuffa om det ikkje gjekk sånn som ein håpa. Ein føler andre har høge forventingar til deg, og ein kan føle at det kjem press fra alle arenaer. At ein har eit så stort press på seg sjølv er ekstremt stressande og utmattande. Har ein gjort sitt aller beste på ein prøve, så kan ein vere fornøygd, det er annleis om ein ikkje "gidd" og berre gir opp.

Presset kan komme frå sosiale mediar, men også frå  dine nærmaste. Presset på skulebenken har forandra seg. For ungdom flest er ikkje ein eller to gode karakterar i nokre fag bra nok, ein må være flink i alle. Dette presset har alltid vore her, men utviklinga har sett ut til å ha forverra seg dei siste åra.

Det er her sosiale media kjem inn. Sosiale media har vært ein stor faktor i denne utviklinga. Ein les om eller ser ofte på folk som har gode karakterer på skulen, konflikt-frie dagar eller nye klede kvar veke.

Ein karakter avgjer ikkje framtida di. Om det går dårlig er det ikkje verdens undergang. Om ein får dårlig karakter i kanskje eitt fag, eller på ein prøve, så vil ikkje det seie at ein ikkje får ein god utdanning. Me har alle forskjellige fag som me er gode i, og alle kan ikkje være gode i alt.

Karakterane avgjer ikkje framtida di, det er du sjølv som avgjer den. Det er du sjølv som kan bestemme korleis framtid du vil ha, sjølvsagt har karakterane noko å seie, men sjølv om du ikkje har dei beste karakterane så kan du fortsatt få ei vellykka framtid.

Ein må slutte å tenkje på kva du trur dei rundt deg forventer, og heller gjer det du sjølv vil. Folk bryr ikkje seg om prestasjonane dine så mykje som du trur. Selfølgelig må ein jobbe for gode resultat, men dersom du gjer ditt beste kan ikkje du eller nokon andre kreve noko meir.

Nicolina Lunde og Anne Hope Skjerven


Les meir om: Nyhende Video Ung

Siste saker Gå til framsida