INVITERER: Musikar Dora David er i festivalkomiteen og musikar under arrangementet. (Arkivfoto)

Ungarsk festival i Sogn - ynskjer tettar samarbeid med lokale utøvarar

Det blir eit møte mellom kulturar gjennom dans, musikk og litteratur under festivalen i Undredal komande helg.

Publisert 07.08.2018 kl. 19.00.

Festivalen «Ungarsk i Undredal» vart arrangert fyrste gang i 2015, og vart også arrangert i 2016.


- I årets festival ynskjer me eit tettare samarbeid med lokale grupper og lokale utøvarar, slik at dei ungarske og norske innslaga vil utfylla kvarandre på ein god måte, skriv arrangørane i ei pressemelding.


Minkar

- Me meiner at møte mellom kulturar og menneske, sjølv i liten målestokk, skapar respekt og toleranse i ei tid når den politiske utviklinga går motsett veg. Det er særlig viktig å bygga samarbeid og finna felles verdiar, som trass i geografisk avstand og ulik historisk bakgrunn kan knyta folk saman, heiter det.


Det blir færre og færre folk i den vakre bygda i Aurland kommune. Noko som gjer at bygningar som skulehuset og det gamle ungdomshuset for det meste står ubrukte gjennom heile året. Men desse lokala er perfekt eigna til arrangering av festivalar. Bygdas talsmann, Leif Inge Underdal, er særs oppteken av at bygdas fasilitetar skal nyttast i størst mogleg grad, og stiller seg positiv til arrangementet.


- Det er ikkje berre dei to fyrste bokstavane som knyter oss saman, sa Underdal på avslutninga i 2016.


Fleire bolkar

Festivalen er delt inn i fleire bolkar. Me får presentasjon av den tradisjonelle dansekulturen og musikken i Ungarn. To dansarar vil framføra ungarske folkedansar. Norske folkedansarar frå Aurland/Undredal vil ha oppvisning. Det blir vidare felles dans og danseopplæring etter førestellinga, eit av dei mest populære innslaga på dei to tidlegare festivalane. Dansarane blir akkompagnert med levande musikk frå Duna Folk Band.


Hovland kjem

Publikum får også med seg samspel mellom ungarske og norske musikarar. Jazzvokalistane Hilde Hefte og Veronika Harcsa med gitaristen Bálint Gyémánt, alle internasjonalt anerkjende kunstnarar som no bur i London, er inviterte til hovudprogrammet. Den lokale gruppa Frendar vil opptre i same bolk, både med eige program og saman med Veronika Harcsa.


Av norske forfattarar har arrangørane invitert Ragnar Hovland som, saman med ein ungarsk kollega, Arpad Kun, busett i Luster kommune, vil ha ein debatt om klima som tema i samtidslitteratur. Under arrangementet blir det servert typiske ungarske og norske matrettar, og dei mest kjende ungarske vinane blir også presenterte. Det vil bli laga typiske matrettar frå Ungarn, og deltakarane får både smaka på rettane og snakka med kokkane om oppskriftene.


- Me skal arrangera omvising i ysteriet i Undredal og syna framstillinga av kjende lokale ostar. Vinsmaking av typiske ungarske vinar vil bli arrangert parallelt.


Støtte

Med i festivalkomiteen er musikar Dora David, kulturpersonlegdomen Magne Grøttebø i Lærdal, omsetjar Éva Dobos, økonom Anne Kalrasten og turistvert Leif Inge Underdal. Den ungarske ambassaden stør arrangementet med praktisk hjelp og annonsering. Det er også oppretta facebookside for arrangementet.


Siste saker Gå til framsida