GRANULAT: Bruken av gummigranulat på kunstgrasbanene får særskild merksemd i undersøkinga. Her frå Hafstadparken i Førde. (Foto: Atle Skrede/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Undersøkjer kunstgrasbanene i fylket

Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer å kartleggja tilstanden på kunstgrasbanene i fylket og i kor stor grad anleggseigarane har lagt vekt på vedlikehald.

Publisert 03.10.2017 kl. 10.03.

I desse dagar har fylkeskommunen ute ei undersøking hjå alle eigarane av kunstgrasbaner i fylket.


Dei blir mellom anna spurde om vedlikehaldsrutinar, kor mykje gummigranulat dei fyller på årleg og om dei har jamleg djuprens av banene, vert det opplyst i ei pressemelding frå fylkeskommunen.


Gummigranulat

Noko som får særskilt merksemd i undersøkinga, er bruken av gummigranulat. Dette har vorte sett på dagsorden i media den siste tida på grunn av dei miljømessige utfordringane knytt til gummigranulat- og mikroplastforureining.

- Me ynskjer blant anna å undersøkja i kor stor grad anleggseigarar tek omsyn til denne problematikken, og om dei har rutinar for å fanga opp gummigranulat til dømes ved snømåking, seier trainee i fylkeskommunen Frank Tore Farsund Tveit.

Resultata frå undersøkinga vert presenterte på Idrettsanleggskonferansen på Skei 18. oktober.


Forskningskampanjen

Tilstanden på kunstgrasbaner er også tema for Forskningskampanjen 2017.

Her skal elevar frå heile landet undersøkja korleis det står til med kunstgrasbanene i nærområdet sitt og senda inn data til forskarane. 13 skular i Sogn og Fjordane er med på dette prosjektet, opplyser fylkeskommunen.


Les meir om: Nyhende Sport Fotball