POSITIVT: Direktør for Nav Sogn og Fjordane peiker på at Sogn og Fjordane har ei eldre befolkning enn landsgjennomsnittet og at eldre arbeidstakarar har høgare sjukefråvær enn yngre. - På denne bakgrunnen er det svært positivt at sjukefråværet i Sogn og Fjordane er såpass lågt, seier han. (Arkivfoto)

Uendra sjukefråvær i fylket

Det legemelde sjukefråværet i Sogn og Fjordane held seg stabilt.

Publisert 22.09.2017 kl. 11.45. Oppdatert kl. 12.09.

Det legemelde sjukefråværet i Sogn og Fjordane var 4,7 prosent i andre kvartal 2017, det same som i andre kvartal i fjor. I same periode har sjukefråværet på landsnivå auka frå 5,0 til 5,2 prosent, går det fram av ei pressemelding frå Nav.


Nest lågast

Saman med Rogaland, har Sogn og Fjordane nest lågast sjukefråvær i landet. Berre Oslo med 4,2 prosent er lågare.


- Sogn og Fjordane har ei eldre befolkning enn landsgjennomsnittet, og eldre arbeidstakarar har høgare sjukefråvær enn yngre. På denne bakgrunnen er det svært positivt at sjukefråværet i Sogn og Fjordane er såpass lågt, seier direktør for Nav Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.


Blant kvinner har sjukefråværet auka frå 5,8 prosent i andre kvartal i fjor til 6,0 prosent i andre kvartal i år. Blant menn har sjukefråværet gått ned frå 3,8 til 3,5 prosent.


Helse og sosial

Sjukefråværet er høgast innan helse- og sosialtenester med 6,7 prosent. Deretter følgjer forretningsmessig tenesteyting med 6,1 prosent og bergverksdrift og utvinning av olje og naturgass med 6,0.


Helse- og sosialtenester har ein auke på 2,3 prosent frå andre kvartal i fjor, mens industri har ein reduksjon på 2,9 prosent.


Personar i aldersgruppene 16-19 år og 50-54 år har størst nedgang i sjukefråværet (-38 prosent og -11 prosent). Aldersgruppa 25-29 år har størst auke i sjukefråværet med 15 prosent. Det er ein klar tendens at sjukefråværet er lågast i dei yngste aldersgruppene og høgast i dei eldste.


Mest opp i Leikanger

Solund, Jølster og Hornindal (høvesvis -33, -25 og -14 prosent) er dei kommunane som har størst reduksjon i sjukefråværet frå andre kvartal 2016. Leikanger har størst auke (47 prosent).


Aurland har lågast sjukefråvær med 3,1 prosent. Deretter kjem Jølster og Hornindal med høvesvis 3,5 prosent og 3,6 prosent. Askvoll og Leikanger har høgast sjukefråvær (5,9 prosent og 5,8 prosent).


Gradert sjukemelding

Prosentdelen med gradert sjukemelding har auka frå 28 til 30 prosent frå andre kvartal 2016 til andre kvartal 2017. På landsnivå er prosentdelen graderte uendra på 27 prosent.


34 prosent av kvinnene i Sogn og Fjordane har ein gradert sjukemelding, mot 23 prosent av mennene, syner tala frå Nav.


Les meir om: Nyhende Helse Næringsliv

Siste saker Gå til framsida