Åtvarar mot useriøse tatovørar

Publisert 18.10.2017 kl. 08.31.

Kommuneoverlege Jan Helge Dale i Flora er uroa over omreisande tatovørar utan godkjenning som kjem til fylket, skriv NRK.


- Me ser stadig vekk at det vert annonsert, og me høyrer frå legekontor at pasientar har vore innom med komplikasjonar med sårinfeksjonar og slike ting. Så då har det tydelegvis føregått, seier han og opplyser at dei fekk melding om omfattande slik aktivitet i Førde i vår og sommar.


For å driva tatoveringsstudio i Noreg skal ein ha godkjenning frå kommunen.


Les meir om: Nyhende Notis Helse

Siste saker Gå til framsida