FRED OG RO: Nasjonalparkstyret minner om at det ikkje skal føregå uroande aktivitet verna område. Her er nasjonalparkforvaltar ved Flatbreen. (Foto: Anne Rudsengen, SNO)

Åtvarar mot droneflyging som uroar

Nasjonalparkstyret vil vera restriktive på droneflyging.

Publisert 29.05.2017 kl. 14.16. Oppdatert kl. 15.05.

Droner er blitt populære, og mange vil filma majestetisk natur. Men det er ikkje berre å senda opp droner i verna område og nasjonalpark.


- Motorferdsel er til dømes ikkje lov i Jostedalsbreen nasjonalpark ifølgje forskrifta, og både lågtflyging under 300 over bakken, samt landing med helikopter er forbode. Droneflyging er faktisk ikkje definert som motorferdsel, fordi drona ikkje fraktar ein person. Men drona skapar ureining i form av støy, og dette seier forskrifta ikkje er lov. Me får tilbakemeldingar frå folk på tur som mister villmarkskjensla si når det kjem ei drone summande over hovudet deira, seier nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm.


Ulike reglar

I Jostedalsbreen nasjonalpark er føremålet med vernet tredelt: Det er å verna om geologi, plante- og dyreliv, å gje høve til naturoppleving og friluftsliv, og det er å verna om kulturminne og kulturlandskap. Men ulike verneområde har ulike reglar, så viss du er i tvil, så ta kontakt med forvaltningsmyndet, seier Knagenhjelm.


- Nasjonalparkstyret ønskjer å vera restriktive på droneflyging, slik at naturen rundt breen skal vera eit område for ro og rekreasjon, seier Einar Målsnes, Balestrand kommune sin representant i nasjonalparkstyret. 


- Men styret kan likevel handsama søknader om dispensasjon i særskilte tilfelle, der flyginga ikkje er i strid med føremålet med vernet, seier han.


I perioden framover no, i april, mai og juni, er hekkande fugl særskilt varsame for uroing, og kanskje i særleg grad av ein flygande farkost som kan likna ein predator, utfyller forvaltaren. Fuglen og reiret skal ha «forkjørsrett» i nasjonalparken, seier Knagenhjelm, som mellom anna jobbar med å følgja opp styret sine vedtak.


Løyve

- Produksjon av naturfilm og naturinformasjon har tidlegare fått løyve til bruk av helikopter og/eller drone. Då har nasjonalparkstyret ofte stilt vilkår om at nasjonalparken og verneverdiane skal komme godt fram i det ferdige filmproduktet, og at søkjar skal ta omsyn til folk på tur, og ikkje flyg i den sårbare hekketida, seier Målsnes.


Styret har også gitt løyve til motorisert ferdsel i samband med filming av enkeltområde som destinasjon, for marknadsføring av reiselivet lokalt. Eit døme på det er VisitNordfjord som laga ein vandrefilm om Skåla. I slike tilfelle kan bruk av drone ha mindre påverknad enn alternativet med helikopter.


- Men naturen er framleis best «live», avsluttar Knagenhjelm.


 


Les meir om: Nyhende Natur og miljø

Siste saker Gå til framsida