Åtte må punga ut for høg fart

Publisert 07.09.2018 kl. 14.11.

Åtte førarar fekk forenkla førelegg for fart på Hermansverk fredag ettermiddag. Høgste fart var 74 km/t i 60-sona, opplyser UP etter kontrollen.


I tillegg fekk ein førar forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon, og ein fekk forenkla førelegg for manglande påmontert skilt framme på bilen.