Feirer bursdag: Korpsleiar Wenche Hals Kulset ved utstillinga som syner nesten 70 år med taktfast tradisjon på Tangen.

Trommar saman til gjevt korpsjubileum

Korpsrørsla på Tangen feirar 70 taktfaste år med tradisjonsrik konsert.

Publisert 10.02.2017 kl. 15.15.

- Me tenkte om me skulle gjera noko som var heilt annleis og spennande, som til dømes prosjektet me gjorde med Karl Seglem for eit par år sidan, men kom fram til at det er eit korps me er - og det er korpset me skal feira.


Breitt spekter

Det seier leiar i Årdalstangen musikklag, Wenche Hals Kulset. Ho innbyr no likevel til ein spennande konsert med korpset i samfunnshuset på Tangen komande laurdag, men ein konsert der det er tradisjonell korpsmusikk som er i fokus.


- Men no skal det seiast at omgrepet korpsmusikk er temmeleg breitt og omfattande, så det blir uansett eit breitt spekter med alt frå kroarllar til klassiske stykke og nyare musikalmusikk, er forklaringa.


- Og dessutan favorittstykket vårt frå konserten med Karl Seglem, Blao Botn - den er me veldig glad i!


Trufaste vener

27. januar 1947 var stiftingsdatoen for Fagforeningens musikkorps, som seinare vart til Årdalstangen musikklag. I dag tel troppen rundt 22, i tillegg til trufaste vener utanbygds som kjem heim og støttar opp om korpset i særskilde stunder. Både Merete Kulset og Katrine Claussen Fredheim er døme på dette.


Pregar sentrum

Jørgen Foss, ikkje ukjend politikar og samfunnsdebattant kjem for å leia konserten. Han er sjølverklært korpsnerd og forbundsstyremedlem i Norges Musikkorps Forbund.


I samband med jubileet har musikklaget stelt i stand jubileumsutstilling av utstyr og memorabilia som heilt klart må seiast å prega sentrum på Tangen for tida.


- Me snakka om å få til noko i monteren inne på rådhuset, men kom med eitt på ideen om at å bruka utstillingsvindauga i samvirkebygget - og dessutan kjellaretasjen - ville gjera sitt til at utstillinga kunne bli ståande lenger, fortel korpsleiaren, som saman med resten av nemnda gjekk i gang med å leita fram gamle minne frå arkiva.


Innhaldsrik samling

Det vart til gamle bilete, instrument, uniformer og ein heil del andre ting som fortel korpshistoria gjennom sju tiår.


Hals Kulset og dei andre har også blad i gamle protokollar for å finna ut kva korpset spelte den gongen for 70 år sidan.


Kva dei fann, vert å høyra i kinosalen, der korpset også øver til dagleg, laurdag ettermiddag.


Les meir om: Kultur Nyhende Musikk Årdal