FULL UTRYKNING: To ambulansar og to helikopter rykte ut til ulukka ved Hagatunnelen i Vassbygdi i Aurland. (Foto: Arne Veum)

Tre personar til sjukehus etter trafikkulukke

Ei kvinne er sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus, og ein mann og eitt barn er sende til sjukehuset på Voss med vanleg ambulanse.

Publisert 19.07.2018 kl. 18.15. Oppdatert kl. 20.00.

Ulukka skjedde med bubil i Hagatunnelen på fylkesveg 50 i Aurland rett før klokka 18.00 torsdag kveld. Kvinna sat fastklemd i bilen.


Tunnelen vart stengt, og det samla seg køar utanfor.


To legar frå luftambulansen fekk skyss av ein sivil bil som stod fremst i køen, og vart køyrt inn til ulukkesstaden. To ambulansar vart også sende ut, i tillegg til politi og brannvesen.


Vegvesenet stengde også ei periode Stondaltunnelen mot fjellet for å hindra meir trafikk ned frå fjellet mot ulukkesstaden.

NAUDETATANE PÅ STADEN: Legar på luftambulansen får sivil bil til å køyra dei inn i tunnelen. (Foto: Arne Veum)


KØAR: Det samla seg fort kø ved Hagatunnelen på grunn av trafikkulukka. (Foto: Arne Veum)

Les meir om: Nyhende Aurland

Siste saker Gå til framsida