ULUKKE: To bilar og tre personar er involverte i ulukka. (Foto: Eirik Thue)

Tre personar involverte i frontkollisjon

Publisert 13.08.2017 kl. 15.06. Oppdatert kl. 16.48.

Politiet melder klokka 15.04 søndag om ei trafikkulykke på fv. 55 mellom Balestrand og Høyanger, mellom Sæle og Kvamsøy. 


- Det har vore ei møteulykke mellom to bilar. Det var to personar i den eine bilen, og ein i den andre, seier Trond Hatlenes i politiet.


To bilar har kollidert og tre personar er involverte. Personen som var åleine i bilen er send til sjukehus med luftambulanse. Dei to andre er sende med ambulanse til sjekk på legevakt. Dei involverte er i 50-åra. 


Vegen er stengd og naudetatane er framme på staden. Bilberging er på veg. Skadeomfang er førebels ukjent.


- Det er no dirigering på staden, sier Hatlenes.  


Saka blir oppdatert


Les meir om: Nyhende Balestrand Politi

Siste saker Gå til framsida