Trøbbel på fleire fjellovergangar

Vikafjellet er stengt og på Hol-Aurland er det kolonnekøyring. På Hemsedalsfjellet kan det bli innført kolonne på kort varsel.

Publisert 28.01.2018 kl. 08.18. Oppdatert kl. 12.19.

Det er røffe tilhøve i høgfjellet søndag. Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av snøras og fare for ras. Det skal gjerast ei ny vurdering søndag klokka 17. Eit snøras på strekninga Årdal-Tyin gjorde at innbyggjarane i Årdal vart isolerte ein time rundt midnatt. Brøytemannskap fekk snøgt opna opp att fjellovergangen. Fv. 53 langs fjorden er som kjent stengt fram til måndag på grunn av fare for ras. Oppdaterte vegmeldingar for fylket finn du her.


Les meir om: Nyhende Samferdsle