Trailersjåfør frå fylket omkom i ulukke

Publisert 13.07.2017 kl. 12.05.

Klokka 03 natt til torsdag fekk politiet melding om at eit vogntog hadde køyrt av vegen på riksveg 14 ved Billingen i Sjåk. Naudetatane vart sende til staden.


Føraren av bilen vart stadfesta omkomen, medan passasjeren, ei ung jente, var send med luftambulanse til sjukehuset i Førde. Begge personane er frå Sogn og Fjordane, opplyser politiet.


Helse Førde opplyser torsdag morgon at jenta er uskadd, men innlagd på sjukehuset til observasjon.


Semitraileren var på veg vestover, og køyrde ut av vegen på venstre side. Det var ingen vitne til hendinga, opplyser politiet.


Les meir om: Nyhende Notis Politi