Tok ut to sykkelstiar i vernefråsegn

Publisert 06.03.2018 kl. 20.36.

Fylkesmannen har sendt si tilråding om oppretting av Rodeholene naturreservat og Breisete naturreservat på Kaupanger i Sogndal kommune til Miljødirektoratet.

Verneprosessen har vore gjennomført etter ordninga for frivillig vern av skog. Dei to framlegga til naturreservat inneheld store naturverdiar med gamal skog av nasjonal verdi.

- Framlegget til vern av dei to områda var på høyring i 2017 med høve for alle til å kome med fråsegn. Det er spesielt ålmenta si tilgjenge til områda som mange har teke opp i høyringa. Ålmenta si rett til fri ferdsel i utmark vert i liten grad berørt av vern som naturreservat. Sykling på stiar vist på vernekartet er tillate. To stiar som går gjennom kjerneområde for nasjonalt verdifull skog er tekne ut av kartet; ein sti i Rodeholene naturreservat og ein sti i Breisete naturreservat. Dette er stiar som Norsk organisasjon for terrengsykling seier er lite eigna, og lite brukt, til sykling, skriv Fylkesmannen i ei pressemelding. 

Vidare skriv Fylkesmannen at grensene for dei to naturreservata er litt endra etter høyring, mellom anna er Breisetedammen og vegen hit og vidare til Breisete teken ut. Etter framlegg frå Sogndal kommune kan forvaltningsstyresmakta opprette eit rådgivande utval for forvaltning av områda.


Siste saker Gå til framsida