TEKNE AV SKRED: Reinsdyr i Stardalen blir testa for skrantesjuke. (Foto: SNO-Aurland)

Tok prøvar av skredtekne dyr

Grov fram reinsdyr og testa dei for skrantesjuke.

Publisert 18.05.2017 kl. 20.30.

Eit ukjent tal reinsdyr vart i vinter tekne av snøskred i Stardalen ved Breistølen i Lærdal.


I midten av mai vart 18 dyr dregne fram frå skredet og testa for skrantesjuke. Frå Statens naturoppsyn vert det meldt at alle prøvane var negative. Det er uvisst kor mange rein som ligg under dei relativt store snømassane, men eit par dagar etter at dei 18 dyra var dregne fram, hadde ytterlegare fem dyr kome til syne. Desse er ikkje tekne ut.


I morgon, fredag, skal Statens Naturoppsyn (SNO), undersøkja raset nærare. Dersom mogleg skal fleire reinar takast ut og sendast inn for skrantesjuketesting.


- Ligg det mykje rein i skredet?


- Fem til veit me om, men det er eit relativt stort skred så det kan sjølvsagt vere fleire dyr under snøen. Me håpar å få betre svar på dette i morgon, seier Kristoffer Ullern Hansen i SNO. All rein som eventuelt vert funne i raset skal testast for Chronic Wasting Disease, også kalla skrantesjuke.

DREGNE FRAM: I midten av mai vart 18 dyr dregne fram frå skredet, men det ligg framleis fleire att. (Foto: SNO-Aurland)

Siste saker Gå til framsida