BESLAG: To polske trailerar hadde med seg til saman 45.000 liter øl. (Foto: Tolletaten)

To trailerar med totalt 45.000 liter smuglarøl

Dette er litt av lasta to polskregistrerte trailerar hadde med over Svinesund ein tidleg desembermorgon i fjor.

Publisert 21.01.2018 kl. 10.26. Oppdatert kl. 11.08.

Berre med to minutt mellomrom vart dei to stogga med ei last som omsett i Noreg ville utgjort 2,58 millionar kroner i avgift til Staten.


Tolletaten har aldri tidlegare kverrsett så mykje øl og brennevin som i 2017, heiter det i ei pressemelding frå etaten.


Alkohol

Tollarane kverrsette over 700.000 liter alkohol i 2017, nær 2.000 liter alkohol kvar dag.


- Alkoholsmugling ser ut til å ha auka kraftig. Me ser at profesjonelle aktørar smuglar stadig større mengder alkohol. Med hjelp av kamera på grensa, solid etterretningsarbeid og godt tollerskjønn, har me avdekt omfattande alkoholsmugling i 2017, seier tolldirektør Øystein Børmer.


Trenden er at smuglarane er meir risikovillige, og tek inn større mengder alkohol enn før. Dei to polske trailerane med totalt 45.000 liter er det største tollbeslaget med øl på ein dag.


Narkotika

- Me har diverre også sett ny rekord i narkotikabeslag i 2017. Internett har gjort det lettare å bestilla narkotika, legemiddel og dopingmiddel. Me gjer ofte dagleg fleire beslag av narkotika og legemiddel i postpakkar, seier Børmer.


Han er uroa for at folk leikar med eiga helse for å oppnå rus, for mykje av det som blir bestilt over nettet er såkalla nye syntetiske narkotiske stoff som kan vera opp til 10.000 gonger kraftigare enn tradisjonell narkotika. Sjølv i små mengder kan det vera dødeleg.


 


 


Les meir om: Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida