To bilar har kollidert - ein person til lege

Publisert 20.02.2018 kl. 14.30.

To bilar har kollidert på fylkesveg 339 ved Jordanger i Luster.


Politiet er på staden og opplyser at det ikkje er meldt om alvorlege skadar.


- Me fekk melding like etter klokka 14, men ulukka hadde skjedd noko tidlegare. Ein av førarane var då køyrd til lege i drosje grunna smerter i brystet, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund hjå politiet.


Det skal det ha vore ein front mot front-kollisjon, og ifølgje Hellesund kan ulukka ha skjedd grunna brot på vikeplikta.


 


Les meir om: Nyhende Luster Politi

Siste saker Gå til framsida