LANDSTOPPEN: Nordbohus Sogn er i landstoppen når det kjem til mest fornøgde kundar. Frå venstre bak: Einar Øvregard, Marit Feigum, Heidi Fossnes Helle og Frode Harberg. Framme: Dag Loftesnes, Vegard Molland Røneid og Anders Nystuen.

Tømraren vart beste seljar

Einar Øvregard hjå Nordbohus Sogn, vart kåra til årets beste seljar under årskonferansen til den landsomfattande entreprenørkjeda.

Publisert 16.06.2017 kl. 11.09. Oppdatert kl. 14.38.

 


Ei utmerking som heng høgt blant dei om lag sytti kontora Nordbohus har i kring Noreg.


Inspirasjon

Avdelinga på Kaupanger nådde også til topps som beste verksemd målt i kundetilfredsheit. Utført av Prognosesenteret si nasjonale undersøking, der meir enn eit tusen byggjefirma rundt i landet har vore representert.


- At me når så høgt er ein kjempestor inspirasjon for oss til å jobbe vidare. Begge prisane heng høgt seier Øvregard, som til dagleg er salssjef hjå Nordbohus Sogn AS.


Landstoppen

Verksemda nådde like høgt opp i 2013. Dagleg leiar Dag Loftesnes, hevdar det er eit godt lagspel mellom dyktige medarbeidarar som gjer til at dei no er verksemda med mest fornøgde kundar.


- Noko av grunnen ligg nok i at me leverer det me har lova, til den prisen me har sagt. Mykje takka vera dyktige tømrarar og dialogen me har med kundane heile vegen.


Gode tider

Nordbohus Sogn har i dag 22 fast tilsette pluss 20 innleigde tømrarar. Verksemda har seld over seksti nye bustader berre i Kaupanger siste halvanna året.


- Me har nye prosjekt gåande heile vegen. Me ser trenden no er at kundar ynskjer seg over på leilegheiter i staden for einebustader. Mellom anna har me seld 28 leilegheiter i utbygginga på Bråtane på Kaupanger. Men me jobbar også andre stader og har prosjekt både i Sogndal, Kjørnes, Gaupne og heilt ut til Atløy.


 Einar Øvregard har vore tilsett i Nordbohus sidan 1985. Han starta først som tømrar, men i dei seinare åra jobba med sal og kundeoppfølging.


Les meir om: Nyhende Næringsliv Sogndal

Siste saker Gå til framsida