SAMLING: Elise Thorsnes frå Leikanger er i den norske kvinnelandslagstroppen i fotball som skal spela fire kampar i Portugal i månadsskiftet. (Arkivfoto)

Tilbake på landslaget

Elise Thorsnes er i landslagstroppen som skal til Portugal.

Publisert 12.02.2018 kl. 17.29. Oppdatert kl. 17.34.
 I slutten av februar reiser fotballandslaget til Algarve, der kamper mot Australia, Kina og Portugal står på programmet. 

- Troppen er ganske lik som tidllegare. Elise Thorsnes er tilbake som planlagt. Me har funne ein stamme som har vore med over lang tid og som me er nøgde med, seier landslagssjef Martin Sjögren til fotball.no. Thorsnes var ikkje med i troppen som spelte på La Manga rett over nyttår, men er no altså tilbake. Også sogningen Stine Pettersen Reinås, som no spelar for Vålerenga, er med i troppen. 

 

 


Les meir om: Nyhende Fotball

Siste saker Gå til framsida