MØTTE SLEKTA: Jeanne og Dennis Unkenholtz saman med norsk slekt ved Arnafjord kyrkje. (Foto: Privat)

Til Sogn for å finna røtene

Nyleg kom Jeanne frå Sør-Dakota i USA til Sogn for å finna slekta til oldemora si, og bestefaren sin som hadde utvandra til Amerika.

Publisert 10.08.2018 kl. 17.00.

Oldemora vart i 1841 ved dåpen innført i kyrkjeboka for Kyrkjebø som Lucie Tollevsdatter Tune og fødd i Ortnevik. Lucie vart 12 år gamal tenestejente på Sylvarnes.


Ho vart kjend med Ole Olsen Frivik frå Kyrkjebø og dei gifte seg 1867. Dei fekk åtte born, sju levde opp.

PÅ JAKT ETTER RØTER: Jeanne og Dennis Unkenholtz. (Foto: Privat)

Til USA

Ein av gutane var Elling Olason Frivik Nese fødd på Nese i Arnafjorden 1879. Han utvandra til USA i 1898 og vart gift med Betsey Fuglsbø frå Ytre Sogn.


Elling skreiv seg for Ness i USA. Elling og Betsey fekk fire born som farmarar i Brookings, Sør-Dakota. Elling var heime i Noreg i 1908, men ikkje seinare. Han levde til 1973. Han var bestefar til Jeanne som no kom på vitjing.


Lucie og Ole kom til Nese omkring 1873 og busette seg der. Ole var snikkar og dreiv for seg sjølv.

OPPHAVET: Lucie og Ole Frivik Nese. Lucie eller Lussi vart 101 år. (Foto: Privat)

Garden Fæle

Lucie og Ole busette seg på ein plass under garden Fæle. Huset deira står enno på same tomta, men huset er ombygd.


Ole døydde i 1912. Lucie selde då huset og flytte til ein son i Eivindvik. Ho treivst visst ikkje der og kom heim att til Nese. Der fekk ho sett seg opp ei lita stove i Toffenhola som låg der parkeringsplassen til Arnafjord kyrkje no er.


I 1930 flytte ho til ei dotter som var gift på Grønsberg i Vik. Stova på Nese vart også flytta til Grønsberg. Der budde ho til ho døydde i 1942, 101 og eit halvt år gamal. Ho vart gravlagd på Arnafjord kyrkjegard der gravsteinen til Lucie og Ole står også no i 2018. Stova står enno på Grønsberg og heiter Lussi-stova.

GRAVA: Gravsteinen til Ole og Lussi Frivik ved Arnafjord kyrkje. (Foto: Privat)

Pengegåve

I 1955 gav sonen Elling ei pengegåve til Arnafjord kyrkje ved kyrkja sitt 75 års jubileum som ei minnegåve for sine foreldre. Soknerådet kjøpte ei åttearma lysekrune for gåva. Lysekruna heng no i skipet i kyrkja.


Jeanne som no var på vitjing vart gift med Dennis Unkenholtz. Dei var i Sogn på søk etter slekt for ca. 20 år sidan utan resultat.


No var vitjinga godt organisert av slekt her. I spissen var Bjørg Markeset og Helga Tjønn.


Jeanne og Dennis var på Grønsberg og dei var på Nese og kyrkja der saman med fleire av slekta. Dei var på grava til Lucie og Ole og såg på lysekruna inne i skipet i kyrkja.


Jeanne fann røtene sine og vart servert god og ekte tradisjonsmat frå Sogn og Vik, m.a. gamalost.


Dessutan vart Jeanne og Dennis kjend med mange i slekta og fekk mykje skriftleg stoff om Lucie, Ole og borna deira både i Noreg og USA.

GÅVE: I 1955 gav sonen Elling ei pengegåve til Arnafjord kyrkje ved kyrkja sitt 75 års jubileum som ei minnegåve for sine foreldre. Soknerådet kjøpte ei åttearma lysekrune for gåva. Lysekruna heng no i skipet i kyrkja. (Foto: Privat)

Les meir om: Nyhende Vik

Siste saker Gå til framsida