Til sjukehus etter trafikkulukke på E39

Publisert 15.01.2018 kl. 10.53.

Ein bil har snurra rundt på E39 mellom Norevik og Lavik, opplyser politiet.


Bilføraren blir køyrd til Førde sentralsjukehus. Ho har opplyst at ho har smerter i brystet, melder politiet. Bilføraren var åleine i bilen då ulukka skjedde.


Ifølgje politiet er det store materielle skader på bilen, og airbagane har vorte utløyste. Bilen er ikkje køyrbar, og ligg ute av vegbana, opplyser politiet.


Ulukka skal ha skjedd klokka 10.14 måndag.


Det er manuell dirigering av trafikken på staden.


Siste saker Gå til framsida