Tett på spekkhoggarar

Tiril Hagen Otterskred avslutta 2016 med spektakulær spekkhoggarsafari.

Publisert 10.01.2017 kl. 14.56.

30. desember var det fleire spekkhoggarar i Arnafjorden. Tirild Hagen Otterskred var mellom dei heldige som fekk vera vitne til leiken.


-  Me såg at dei sumde innover mot Framfjorden, og då dei kom tilbake, køyrde me ut med båt, fortel ho.


Det lukkast dei å finna spekkhoggarane, og ved eit høve var det to spekkhoggarar som kom opp av vatnet berre eit par meter frå båten.


- Eg skvatt litt då dei kom så nær båten, og eg var litt redd for at dei kunne velta han. Men då køyrde me lenger frå dei, så det gjekk fint. Det var veldig morro å få sjå dei så nær, fortel ho.


Otterskred fanga delar av opplevinga på video som du kan kan sjå øvst i denne saka.