VERTSKAP: Olav Skarsbø, leiar i Leikanger skyttarlag, er klar til å ta imot deltakarane på samlagsstemnet. (Arkivfoto)

Tek imot 180 skyttarar denne helga

Skyttarar frå heile Indre Sogn er klare for samlagsstemne på innandørsbana i Leikanger denne helga.

Publisert 27.02.2018 kl. 09.43. Oppdatert kl. 09.56.

Alt tysdag kveld stiller dei første skyttarane seg opp på standplass i det nye skytehuset i Leikanger.


Nytt skyttarhus

- Me har hatt førehandspåmelding, og det siste talet eg såg var litt over 180 påmelde, seier leiar i Leikanger skyttarlag, Olav Skarsbø.


Han legg til at det enno er ledige plassar for dei som ikkje alt er påmelde.


Eigentleg skulle samlagsstemnet ha vore arrangert i Leikanger i fjor, men sidan dei då var i full sving med bygging av nytt skyttarhus, bytte dei år med Tønjum skyttarlag i Lærdal, heiter det i ei pressemelding frå arrangørane.


God rekruttering

- Det er veldig bra med så mange påmelde. Også i fjor var det tilsvarande tal, så det har tatt seg opp dei siste åra. Det skuldast nok god rekruttering i skyttarlaga for tida, forklarar samlagsleiar Bengt Næss.


Han fortel at dei gjennomførte ei rekkje rekrutteringstiltak fram mot landsskyttarstemne i Førde i fjor sommar.


- Skytesporten står sterkt i Indre Sogn, og me ser at det stadig kjem nye skyttarar i laga. Det blir spennande å følgja stemna i helga seier Næss.


Favorittane

Arrangørane har sett på resultata på innandørsstemnene i vinter og ut frå dette funne fram til nokon favorittar til tittelen som samlagsmeister i dei ulike klassane.


Blant seniorane blir Vegar Solhaug frå Aurland rekna som favoritt. Han har vore den beste skyttaren i mange sesongar og har oppnådd fleire gode resultat også denne sesongen.


Blant dei yngste er Kristin Husum frå Leikanger favoritt i klasse Rekrutt. Kristin har tre stemne med 250 poeng etter nyttår.


I klassen eldre rekrutt har Tor Kristian Dulsvik frå Sogndal også tre stemne med fullt hus i år og må reknast som favoritt saman med klubbkamerat Knut Jonas Gunvordal.


Svært jamt

Blant juniorskyttarane er det svært jamt og mange som vil kjempa om tittelen. Stine Njøs Eikeland frå Leikanger, Vegar Eikevik frå Sogndal, Silje Vetti Grøndal frå Farnes og Hege Haugeplass frå Aurland er dei som har skote best og jamnast så langt i år, men her vil truleg Magnus Bøthun frå Sogndal, Jens-Henrik Hegg frå Hegg skyttarlag i Lærdal og Gaute Eliassen Hamre, Eirik Håland Moen og Trine Njøs frå Leikanger melda seg på i kampen om samlagstittelen.


- Det er veldig flott at me har fått fram så mange gode ungdommar, seier samlagsleiar Bengt Næss, som gler seg til helgas skyting.


Næss er sjølv ein av favorittane i klasse veteran 55, men han vil nok få kamp frå Arvid Brennset frå Leikanger og Per Atle Fredheim frå Hafslo.


- Desse to har vore best denne sesongen. Me er og spente på kva superveteran Bjarne Sandvik frå Knipenborg kan få til, seier Olav Skarsbø, og opplyser at skytinga kan følgjast på internett eller på Leikanger skyttarstadion.


Siste saker Gå til framsida