TREKKJER SEG: Noralv Distad har gjeve melding til Aurland Høgre om at han ikkje stiller til attval for ein ny periode i kommunestyret. (Foto: Arkiv)

Tek ikkje attval til kommunestyret

Noralv Distad (H) går ikkje for ein ny periode i ordførarstolen.

Publisert 30.08.2018 kl. 21.21.

På Facebook skriv Distad i kveld at han nyleg har gjeve melding til Aurland Høgre om at han ikkje stiller til attval for ein ny periode i kommunestyret.


«Eg har sagt ja til å stå på Vestland Høgre si liste til fylkestingsvalet. Nominasjonsnemnda har innstilt meg på 2. plass, men endeleg vedtak om liste skjer på nominasjonsmøte i november. Dersom eg blir nominert og vald, ser eg fram til aktivt engasjement i Vestland fylkeskommune frå 2020», skriv Distad.


- Skal jobba for Aurland

«Det er framleis litt over eit år til kommune- og fylkestingsvalet, for meg nok eit aktivt og spennande år som ordførar i Aurland», skriv Distad, som er inne i sin andre periode som ordførar i kommunen.


«Aurland er ein kommune i framgang, fleire viktige saker er på gang og mulegheitene er store. Eg gler meg til å jobba vidare for Aurland. Saman med mange gode krefter skal eg det komande året gjera mitt beste for å oppnå gode resultat for innbyggjarane våre», skriv Distad.


Les meir om: Nyhende Aurland Politikk

Siste saker Gå til framsida