Kartskisse over føreslegne bevaringsområder for hummar i Sognefjorden. Områda farga med blått er bevaringsområde langs land. Raudt markerar fredning av heile fjorden innanfor. (Frå forslaget til Sognefjorden Vel)

Støttar forslag til bevaringsområde for hummar

Denne veka vert det arrangert høyringsmøte for forslaget for etablering av bevaringsområde for hummar i Sognefjorden.

Publisert 07.02.2018 kl. 15.41.

Interesseorganisasjonar, yrkes- og hobbyfiskarar og andre interesserte er inviterte til å koma med innspel.


Første møtet vart halde i Leikanger tysdag for kommunane Leikanger, Luster og Sogndal. Onsdag blir det møte i Lærdal for kommunane Aurland og Lærdal og torsdag i Balestrand for Balestrand, Høyanger og Vik.


Foreininga Sognefjorden Vel har utarbeidd forslag til bevaringssoner i Sognefjorden.


Norges Jeger- og Fiskerforbund i Sogn og Fjordane, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Sogndal Dykkarklubb og Forum for natur og friluftsliv går no ut og støttar forslaget. 


- Me viser til høyringsmøte, med høyring og sak om oppretting av bevaringsområde for hummer i Sognefjorden. Me kjenner til problemstillingane og vinn-vinn situasjonen for produksjon og framtida hausting av hummar ved oppretting av bevaringsområde for hummar. Me vil difor med dette støtte framlegget til område for bevaring av hummer utarbeida av Sognefjorden Vel og vonar det vert semje i regionen om oppretting av desse, heiter det i ein uttale frå Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane.


Les meir om: Nyhende Natur og miljø

Siste saker Gå til framsida