Står utan leiarar frå Sogndal

Publisert 16.06.2017 kl. 16.08.

Høgskulestyret har i dag tilsett Tage Båtsvik i stillinga som organisasjonsdirektør ved Høgskulen på Vestlandet. Båtsvik var høgskoledirektør ved Høgskolen Stord Haugesund i perioden 2011 til 2017, skriv HVL i ei pressemelding.


Stillinga som direktør for økonomi og arealforvaltning blir utlyst eksternt. Ei av søkjarane, Karianne Brøndbo Bergheim har trekt søknaden sin til denne stillinga.


Bergheim høyrer til på campus Sogndal, og denne avdelinga står slik sett utan toppleiarar i den nye høgskulen. Tidlegare vart Randi Skår frå campus Førde tilsett som dekan ved fakultetet for helse- og sosialfag.


Les meir om: Nyhende Notis Sogndal

Siste saker Gå til framsida