Store manglar på bremsane

Publisert 13.09.2017 kl. 11.36.

Ei slepvogn fekk måndag bruksforbod grunna store manglar på bremsane, opplyser Statens vegvesen.


Forholdet vart avdekt under ein kontroll på Håbakken i Lærdal.


Slepvogna må reparerast før vidare køyring, eller transporterast på lastebil eller bergingsbil. Tilhengaren var lasta med ein båt, melder vegvesenet.


Under kontrollen vart det også skrive ut eit gebyr på 8.000 kroner for manglande obligatorisk bombrikke.


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida