Stoppa ikkje for kontroll

Publisert 27.10.2017 kl. 20.46.

Statens vegvesen gjennomførte kontroll på Håbakken fredag. Åtte køyretøy vart kontrollerte.


Ein serbisk sjåfør blir meld for å ikkje stoppa for skilta kontroll. Eit serbisk firma blir meld for å køyra godstransport utan å ha løyve til å driva godstransport innafor EU/EØS-avtalen.


Det vart også gitt fire bruksforbod totalt i kontrollen. Det fordelte seg på feil på bremser, dimensjonar på vogntog, lastesikring og løyve til å driva transport av gods.


Det vart også avdekt 11 skriftlege manglar fordelt på bremsekontroll, ABS-bremsefeil, og manglande løyve til godstransport.


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal

Siste saker Gå til framsida