Stogga vogntog med dårlege dekk

Publisert 05.02.2018 kl. 16.58.

Statens vegvesen melder om ein heller stille og roleg dag under måndagens kontroll på Håbakken. Men det var likevel litt av kvart å slå ned på. 


To utanlandske vogntog måtte skifta dekk før dei kunne køyra vidare, ettersom fleire av dekka ikkje hadde stor nok mønsterdjupne. Ein utanlandsk trekkbil hadde også alvorleg skade på framdekk, og vart pålagt å byta.


Ein sjåfør vart meld for brot på døgnkvile, medan tre sjåførar måtte fjerna sikthindrande gjenstandar frå frontrute og dashbord. 


Eit vogntog måtte lastast om, og det vart gitt overlastgebyr på 5.150 kroner. 


Eit utanlandsk vogntog hadde svak bremseverknad på tilhengar, og ein utanlandsk semitrailer hadde feil på ABS-bremser. Begge fekk bruksforbod på grunn av bremsefeila.


Les meir om: Nyhende Lærdal Notis Trafikk

Siste saker Gå til framsida