Stogga på Håbakken - 16.000 kroner fattigare

Fleire sjåførar måtte punga ut.

Publisert 18.01.2018 kl. 17.08.

Kontrollørane til Statens vegvesen var i aksjon på Håbakken i Lærdal torsdag. Fire køyretøy vanta bombrikke, og det kostar. Tre sjåførar fekk 8.000 kroner i gebyr, medan ein må ut med 16.000 kroner. I tillegg fekk fem køyretøy skiftlege manglar, tre køyretøy fekk bruksforbod grunna manglande lastsikring, ein sjåfør fekk bruksforbod fordi det var for mykje pynt i frontruta og eitt køyretøy vart avskilta fordi den ikkje er godkjent i kontroll. Totalt 30 køyretøy vart kontrollerte.


Les meir om: Nyhende Lærdal

Siste saker Gå til framsida